mandag 17. mars 2008

Samling

Fredag 14. mars var det tid for samling nr. to. Ole gav oss ein klargjerande runde om rss og litt om wiki. Vi registrerte oss i Wikipedia slik at vi kan prøveå redigere innlegg der. Kjekt var det og å omsider få prøve GTalk og Ruth inspirerte meg til å utforske igoogle noko meir. :-) Nye utfordringar på programmet er no podcast, video ( Happy Easter frå Youtube )og mashups og boklister....
Har funne og registrert to radioprogram: NRK Språkteigen og NRK Norgesglasset. dei har eg på Atom-feedlista mi i Windows.
Via iTunes har og hørt på eit program frå NRK, men det fann eg ikkje att når eg gjekk inn att seinare.? ( Noko eg ikkje har forstått att no då ???)

"iTunes" vart installert av ein ven ei tid attende, med podcaster om Adobe photoshop,- så det skal eg sette meg inn i med tida. :-)
På YouTube søkte eg på "dressage" og fann ein del snuttar om dressur til hest! Mykje vakkert, kva? sjå t.h.
Med heimepåske og på og av vær vert det kanskje tid til å fundere og eksperimentere litt.

Glad påske til alle som ser dette.

onsdag 5. mars 2008

Flickr og Facebook




Jada, eg strever meg over det eine to null "hinderet" etter det andre. Har nå henta bilte frå Flickr ( th. ) og oppretta konto , - og overført nokre bilete... Det ser jo litt artig ut, men det står att ein del surfing før det går som smurt! Har og våga meg innom Facebook og lagt ut en profil. (" Gamle tante" er litt meir skeptisk til det ,men - vi tek det som ei øving... ) :-)




Ute laver snøen ned over påskeliljer og blåveis. Er litt bekymra for min brudespirea som står i lauvsprett...
Kom mai du skjønne milde...