søndag 24. februar 2008

Direkte kommunikasjon

The show must go on. No har eg oppretta GTalk-konto og msn-konto.
Tok og sistnemde på gmailadressa itingst(a)gmail.com . Det gjekk greit å koble seg opp, men
det gjenstår å få testa det ut i praksis då. Har ikkje lagt inn kontaktar enno.
Dei som skal snakke med må vel og ha slik konto. :-)

Ha ein god dag alle som les dette.




søndag 17. februar 2008

RSS

No har eg vore igjennom litt om RSS. Det er framleis mykje som "heng i lufta" her , men har
kobla meg opp til Bloglines sin RSS-lesar i min gmail-konto, og abbonerer på deira side samt Dilbert. Sistnemde plukka eg frå deira liste over mest brukte "feeds". ( dei hadde ikkje link til noko med hest! hmmmm )Valgte Bloglines fordi der var så greit å opprette konto, og så likte eg denne lista over ofte spurte spørsmål. Ellers har eg lagt til nokre feeder som var lista opp i oppgåva, og dei ser eg kjem opp på Innlegg ( Atom ). Men eg fekk dei ikkje over til Bloglines??? . Kvifor får eg finne ut ein annan dag. Prøvde å legge ut ein Dilbert, men fekk då melding om å sette opp ein "clip blog". Kva skjer om eg gjer det og tillater den for publisering??? Tips??? No er det matøkt!!! :-) PS. synes det er litt slitsamt at så mykje av informasjonen er på engelsk...Ds.

fredag 15. februar 2008

Vi er i gang

Hurra!

Då har eg kome meg gjennom første nålauga på 2.0 kurset! Gmailkonto og blogg er på plass. No er utfordringa å hugse nye brukarnamn og passord. og å finne på noko å skrive om. hmmmmm.

I dag har vi hørt om blogg, RSS , direkte kommunikasjon (msn og slikt), bilder og tagger og facebook og wiki. Til neste samling skal vi øve på heimebane .

Dette vert kjekt ( får vi tru ).

Gode tips og innspel vert teke i mot med takk!





Min vesle venn Rambo gir meg og mange utfordringar.
Men vi øver oss!!!!