tirsdag 22. april 2008


Det har av ulike grunnar vore stillstand lenge på bloggen min.

Men har nå prøvd å kome meg litt vidare på lista. Fann omsider ut av LastFm og korleis eg skulle få "embeded" denne over på bloggen. Har brukt stasjonen når eg ellers har jobba på pc´en. Kjekk sak dette å jobbe med fin musikk på øret...

Har og vore innom og oppretta konto i LibraryThing og lagt ut liste på bloggen. ( det gjekk i utforskingsstempo og eg tok eit vilkårleg utdrag frå bokhylla. Men skal sjå om eg ikkje viderefører denne . Har planer om gjennomgang og kassering av mange gamle bøker i hyllene, og då kan det jo passe å katalogisere det resterande kanskje. Ein gong... )

Personleg framside har eg allereie i iGoogle. Leik med bilder gjer eg i Phothoshop og Flickr ( ikkje så veldig utprøvd enno, - mørke våte hauskveldar er meir tida for slikt. )

Origo går eg lett forbi, trur eg. det får klare seg med Facebook i denne omgang ( det blir så mange kontoer å halde styr på ). Virtuelleverdener får og ligge litt tenkjer eg.


Ellers er her utruleg vakre aprildagar, så terassen har vore hyppig frekventert.

Ingen kommentarer: